Kvernberg/Bjørdal
​​
Gamaldans møter samtidsmusikk
​
Jorun Marie Kvernberg (fele/hardingfele, folkesong) og Kristina Farstad Bjørdal (akkordeon) har det siste året samarbeid tett som duo. Dei har utvikla eit særeige konsept kor kunstmusikken og gamaldansen går hand i hand. Signaturen deira er eit energisk musikkuttrykk kor folkemusikkens groove og detaljrikdom kombinerast med kunstmusikkens virtuositet og dynamikk. På repertoaret har dei alt frå tradslåttar frå Møre og Romsdal til komposisjonar av Per Bolstad, Eric Öst, Piazzolla – og musikk signert Kvernberg sjølv.
Jorun Marie Kvernberg (1979) har arbeidd som frilans folkemusikar og komponist på heiltid sidan fullførte folkemusikkstudium ved Norges Musikkhøgskole i 2004. Den sterke formidlingsevna hennar blir ofte trekt fram hjå publikum, og ho har vunne mange nye hjarte til folkemusikksjangeren, mellom anna gjennom sitt arbeid med det prisløna ensemblet Majorstuen. Kvernberg har fått Edvardprisen for sitt arbeid som komponist, og to Spellemannprisar.
Kristina Farstad Bjørdal (1990) har ein mastergard i trekkspel frå Det Kongelige Danske Musikkonservatorum kor ho fekk utdanning innan klassisk og samtidsmusikk. Hennar sterke tilknyting til gamaldans og folkemusikk har også gitt ho fleire gullmedaljar i NM i trekkspel, i ulike kategoriar, og ho er med i mange ulike gamaldansgrupper og folkemusikk-konstellasjonar, som t.d. i Farstad & Farstad, i duo med Britt Pernille Frøholm, Britt Elise Skram og Marius Berglund. Bjørdal si breidde og allsidigheit har også ført ho til samarbeid med jazzmusikar Carl Petter Opsahl og akkordeonist Geir Draugsvoll. I 2021 vart ho tildelt «Bolstadprisen».
Foto: Pernille Holsvik
​

Om Kvernbergs komposisjonar:
I 2023 skreiv Kvernberg verket «Friggs rokk» til Bjørdal og hennar akkordeonkollega Geir Draugsvoll. Det vart sidan skrive om for Kvernberg og Bjørdal (song/feler/akkordeon). Verket tek utgangspunkt i norsk og islandsk folkemusikk, og utforskar dei suggererende og repitative mønstra som ein finn i begge. Historiene Kvernberg spinn komposisjonane rundt er henta frå norrøn mytologi: Åsynja Frigg og hennar hjelparar; Fulla, Gnå og Lovn, og også Frigg som både sørgande mor til den døde sonen Balder, og som sørgande Moder Jord i ei tid kor menneskeskapte endringar skaper naturkriser.
Duoen tek også for seg verket «Insomnia» som Kvernberg skreiv til musikarane Ole Nilssen og Bjørn Kåre Odde i 2020. Her er det ei reise gjennom ein kveld, ei natt og ein morgon som blir musikalsk illustrert i form av ein «Rangelpols», ein «Nattsalme» og til slutt ein «Ottesong» - også denne i grenselandskapet mellom norsk folkemusikk og kunstmusikk.