Purppurri
​
Purppurri er eit nordisk prosjekt initiert av FolkOrg/Folkelarm med premiere under Folkelarm november 2025.
​​
Dansemusikk som møteplass – fire folkemusikarar, fire nordiske land og 300 år med tradisjonsmusikk.
Purppuri er fire nordiske folkemusikarar som vil gi publikum musikk gjennom danseoppleving. Johan Hedin (Sverige), Esko Järvelä (Finland), Mads Kjøller Henningsen (Danmark) og Jorun Marie Kvernberg (Noreg) er alle høgt verdsette musikarar frå den nordiske folkemusikkscena, og dei representerer både tradisjonsmusikken og pionerarbeid med folkemusikk av i dag. Artistane i Purppuri dykkar ned i notebokmateriale frå 1700-talet, og følgjer rotskot opp i vår tids musikalske liv. Kjernen i prosjektet er å skape sosiale møtestader for menneske gjennom folkedans og folkemusikk.
Namnet Purppuri er ein gamal finsk bryllaupsdans, som er oppbygd av mange forskjellige dansar. Den samlar folk i timesvis, og gjennom dansen feirar dei livet og kjærleiken. Me ynskjer å lage ein dansekonsert kor slåttane vevast inn i kvarandre, for slik å lage lange danseøkter utan avbrot. På denne måten vil me byggje ei stemning, og å få folk inn i ein flyt kor dei både gler seg over dansinga og musikken, og kor dei kan vere sosiale utan prat.
Forsking har vist at dans kan betre både mental og fysisk helse*, og me ynskjer å bidra til å betre livskvalitet og å redusere einsemd. Me ynskjer også invitere folk utan folkedanserfaring ut på dansegolvet, både gjennom kræsjkurs i forkant, og gjennom å opne for at alle sortar danseuttrykk er velkomne. Prosjektet vårt har funne inspirasjon mellom anna i det danske opne folkedansprosjektet ‘Nordisk dans’ og serien ‘Tuvas Blodklubb’ på Riksscenen i Oslo.
Notebøker frå 1700-talet vil vere materialet me bygger repertoaret vårt på, frå alle desse fire nordiske landa. Desse samlingane av transkripsjonar kom ofte frå høgare sosiale klassar. Europeisk populær dansemusikk hadde sterk innflyting på repertoaret deira. Men i tillegg var det mykje lokalt folkemusikk-repertoar som vart omarbeidd i form og namn for å kle øvrig repertoar. Vårt prosjekt er å rekonstruere desse slåttane, og gje dei tilbake ei mogleg lokal drakt i meir folkemusikalsk stil. Me vil også sjå etter likskapar i dette repertoaret over landegrensene. Til slutt vil me bruke våre individuelle kapasitet som komponistar og arrangørar, ved å undersøke korleis me kan trekke linjer inn i notida: kva me skal ta vare på, kva me skal legge til – gjennom eit knippe nykomponerte slåttar skapt av oss fire.
​
*https://fodpaagulv.dk/resultater/
Mads Kjøller Henningsen (1990, Danmark) Fløyte og nordisk sekkepipe, mogleg dreielire. Henningsen er medlem av mange ulike folk band med stor popularitet, mellom andre «Spöket i Köket», «Floating Sofa Quartet» og «Farvergade». Han arbeider både I tradisjonsbundne konsept så vel som i crossoverband kor han kryssar bade geografiske og musikalske grenser. Eit av hans prosjekt tolkar dansemusikk frå Søren Christensens notebok, ei erfaring han vil ta med seg inn i Purppuri.
Johan Hedin (1969, Sverige) Nyckelharpa og oktavharpa, mogleg Mora-harpa.
Hedin har gjort stor internasjonal suksess saman med verdsmusikkbandet «Bazar Blå», og med sangar og gitarist Esbjörn Hazelius i duoen «Hazelius Hedin». Med sin virtuositet og store innsikt i tradisjonsmusikken frå sør-Sverige, har han mellom anna tilført nye farger inn i barokkmusikkprosjektet «Klokkarens musikalsiska värld» saman med barokkfiolinist og folkemusikar Ida Meidell Blylod. Hedin har vore ein stor inspirasjon og vegvisar på instrumentet nyckelharpe, og har dessutan utvikla instrumentet oktavharpa saman med sin far Lennart Hedin.
Esko Järvelä (1981, Finland) Fele, mogleg trøorgel/bratsj/tenorgitar og meire.
Järvelä arbeider som musikar i «Tallari», det einaste statleg finansierte folkemusikkprosjektet i Finland. Han er dessutan ein av grunnleggarane i dei nordiske folkemusikkbanda «Frigg», «Tsuumi Sound System» og «Baltic Crossing». Han har arbeidd med profilerte musikarar som Casey Driessen, Roger Tallroth, Helene Bøksle, «Danish folk music trio», «Dreamers’ Circus», Jukka Perko og Felix Zenger. Han er også ein særs attraktiv komponist og arrangør.
Jorun Marie Kvernberg (1979, Noreg) Fele, hardingfele. Mogleg trøorgel/song.
Kvernberg har hatt ei lang og variert reise saman med felebandet Majorstuen gjennom tjue år. Dei har utvikla og funne nye vegar for den norske folkemusikken, og har rekruttert mange nye lyttarar til sjangeren. Seinare har ho formidla både som solist, i crossoverband som hennar eige «Perleskum», og i reine tradisjonsprosjekt som «Kviven duo» saman med Britt Pernille Frøholm. I dag arbeider ho også som komponist, og mottek tingingar frå musikarar og festivalar både frå kunstmusikk- og folkemusikk-feltet.