
JORUN MARIE KVERNBERG
Folkemusikar | Komponist | Produsent
Jorun Marie Kvernberg (1979) folkemusikar og komponist, med kandidatstudiet i utøving fele/hardingfele frå Norges Musikkhøgskole 1999-2003.
Kvernberg er kjend frå grupper som Majorstuen, Tindra og Unni Boksasp Ensemble, i eige ensemble, Perleskum, i Kviven duo med Britt Pernille Frøholm, i Trio Alde med Gabriel Fliflet og Berit Opheim, i duo med Kristina Farstad Bjørdal og i samspel med
NyNorsk Messingkvintett og Song Circus.
​
Kvernberg har hatt flere større tingingsverk, mellom anna verket «Tagal» (50") for «Kvedarkvintetten», «Friggs Rokk» (25") for akkordeonistane Geir Draugsvoll og Kristina Farstad Bjørdal, «Valfart» (18") for NyNorsk Messingkvintett og «Vardøger» (25") for vokalgruppa Song Circus. Kvernberg har to Spellemannprisar, og ein Edvard-pris frå TONO (2005) for sitt debutverk «Då kom du». I juni 2027 skal eit nytt verk for Det Norske Kammerorkester under leiing av Pekka Kuusisto urframførast under festivalen tonehimmel i Volda
