jm banner2

Jorun Marie Kvernberg

Til Sri Lanka med Tindra

Posted on Saturday, 19 March 2011

News :: Til-sri-lanka-med-tindra :: Tindra_nattbilde_ingvil ljones_stort

Tindra til unik festival på Sri Lanka

-Dette blir veldig spennande! Vi ser fram til opplevinga det er å få reise til Sri Lanka - erfaringane vi får gjennom å vere fleksible som musikarar, ta ting på sparket og til å tilpasse program til ein annan publikumskultur enn vår eigen. Det seier Jorun Marie Rypdal Kvernberg i folkemusikktrioen Tindra.

I slutten av mars reiser gruppa til Sri Lanka for å delta på Jaffna Music Festival. Festivalen vert arrangert for aller første gong, og skjer i regi av Rikskonsertane i samarbeid med dei srilankiske organisasjonane Sewalanka og Arusri Art Theatre. Prosjektet er finansiert av Utanriksdepartmentet gjennom den norske ambassaden i Colombo, i tillegg til USAID.


Folkemusikk-trioen Tindra. Foto: Ingvil Ljones

Detaljrik og dynamisk folkemusikk
Tindra er Åshild Vetrhus frå Suldal i Rogaland (song), Jorun Marie R. Kvernberg frå Fræna i Romsdal (fele/hardingfele), og Irene Tillung frå Voss (akkordeon). Trioen har halde konsertar i Europa og Asia og har spelt saman sidan 2000. Den første cd-en deira, som kom i 2006, vart nominert til Spellemann. Musikken deira vert karakterisert som detaljrik og dynamisk folkemusikk med fleire lag. I april gir Tindra ut sin tredje cd, Moder Norge.

Musikken som forsonar
Jaffna Music Festival er ein unik festival. Etter 30 år med borgarkrig, skal musikarar frå alle etnisitetar og frå alle delar av landet møtast, bo og spele saman. I løpet av tre dagar (25.-27.03.) vil festivalen utforske og syne bredda og vitaliteten til den srilankiske folkemusikken og kulturen. I tillegg deltek musikarar frå Nepal, Palestina, India, Sør-Afrika – og Tindra frå Noreg.

Utanlandssjef i Rikskonsertane, Tom Gravlie, ønskjer at festivalen skal vere eit bidrag til forsoningsprosessen i landet:

- Ein av dei viktigaste motivasjonane for denne festivalen er å bringe folk og musikarar frå heile landet saman gjennom musikken, og la det symbolisere fred, forsoning og framgang. Musikk- og kulturlivet på øya har lidd under fleire tiår med krig. For mange musikarar har det vore særs vanskeleg å få spele, føre vidare og ta vare på tradisjonsmusikken. Denne festivalen er ei markering av ein vilje til å inkludere alle og til å fremje tradisjonsmusikk. Samstundes får musikarane høve til å bli kjende med internasjonale musikkformer, seier Gravlie.


Foto: Invgil Ljones

Bonus
Dei tre musikarane i Tindra håpar festivalen og opphaldet i landet gir dei sjansen til å få utveksle musikk med srilankiske artistar:

-Bonusen ein alltid håpar på når ein er ute og reiser, er å få lære noko om musikken i det landet ein er i, å få møte folkemusikarar i ei uformell setting. Det er møta med menneske og musikk som betyr noko på slike reiser, seier Kvernberg.

At Tindra syng på norsk, er inga hindring, meiner Kvernberg. Litt forklaring på førehand om kva songane handlar om, og litt dramatisering undervegs på scena gjer musikken og innhaldet forståeleg trass språklege og kulturelle barrierar.

Kvernberg er spent før avreise:

-Dette blir ei overrasking for begge partar! Vi kjem til ein ny festival og til eit publikum som ikkje har høyrt oss før. Vi har óg masse å lære om deira musikk og deira kultur.

Les om og høyr Tindra her:

www.tindratrio.com
www.myspace.com/tindratrio

Les meir om Rikskonsertane sitt musikk-samarbeid på Sri Lankaher.

Tips en venn

0 Comments

Sign in to post a comment

You must be logged in to post a comment.

Sign in or create an account

Basket

The basket is empty

Media Player

Fenstadvisa - Jeg syndefulde vil nedfaldeFenstadvisa - Jeg syndefulde vil nedfaldeJorun Marie Kvernberg
0:00

Member Login

Don't have an account?
Sign in with a network ID or create a new one:

Gigs

No events to display
Get a free website at www.get-ctrl.com © Jorun Marie Kvernberg Terms & Conditions powered by get-ctrl

Sending Data

Taking too long?

Close
Loading...