jm banner2

Jorun Marie Kvernberg

Pressemelding soloturné

Posted on Tuesday, 16 November 2010

News :: Pressemelding-soloturne :: felepressebilde03

K V E R N B E R G   M E D   S O L O T U R N E

Tirsdag 23. november legg folkemusikar Jorun Marie Kvernberg (31) ut på sin aller første soloturné! Musikaren som opprinneleg er frå Fræna, er likevel ikkje nokon nykomar. Sidan endt utdanning på Norges Musikkhøgskule i 2004 har Kvernberg jobba som frilans folkemusikar på heiltid, mellom anna med gruppene Majorstuen (Spellemannpris 2003), Tindra og Unni Boksasp Ensemble. Etter åtte år i Oslo flytta Kvernberg tilbake til heimfylket i 2007, og med Volda som base har ho verda som arbeidsplass.

For soloturnéen er det folkemusikken frå Møre og Romsdal som står i høgsetet, og det er også heimfylket som skal få besøk av den allsidige folkemusikaren. Gjennom seks konsertar på Nordmøre og i Romsdal vil Kvernberg servere mellom anna skarpskorne polsdansar og vemodige valsar, sindige bruremarsjar og viltre hallingar. Musikken ber med seg historier om ein pengeforfalskar som må bøte med livet, om ei kyrkje full av mystikk, om ei fele som tryllar fram ungdomsminner og om slåtten som flaut i land etter Tafjordulukka.

Jorun Marie Kvernberg har kandidatstudiet i utøving på fele og hardingfele frå Norges Musikkhøgskole i Oslo. Dei seinare åra har ho også tatt songen i bruk, og ho beherskar den sjeldne teknikken å akkompagnere sin eigen song med felene.

Kvernberg har medverka på 14 CD-produksjonar og gav i tillegg ut sin eigen solo-CD i 2006, «Album». Kvernberg vart tildelt Statens Kunstnarstipend for yngre folkekunstnarar i 2009-2010. I stipendperioden har ho satsa på å utvikle seg som solist, mellom anna ved å utvikle ein solokonsert. «Det er noko magisk ved å stå heilt åleine på scena» seier Kvernberg. «Den nære kontakta ein får til publikum er spesiell. Ikkje minst gjennom at musikken eg brukar er lokal, det er deira eigen musikk eg står der og spelar og syng! Folk blir ofte overraska over kva skattar dei har i nærmiljøet».

Forestillinga har blitt til med hjelp frå Miriam Prestøy Lie og Torkil Sandsund.

«Kvernberg visade prov på en scennärvaro som var något extra, det lyste och glödde om henne oberoende av om hon sjöng eller spelande. Och emellanåt gjorde hon alltså både och på samma gång» - Siv Ekström, Åland avis - juli 2010.

Turnéen er støtta av Møremusikarordninga / Møre og Romsdal Fylkeskommune.


Kontaktinfo:
Jorun Marie Kvernberg, tlf 91318235, epost jorun@kvernberg.com

Kontaktinfo arrangørar:
Nesset: Olbjørn Kvernberg, tlf 91370899, epost olbjorn@geodata.no
Tingvoll: Rannveig Eikrem Jensen, tlf 99034203, rannveig@akerfallet.no
Surnadal: Maja Frønes, 91399452, maja@nordmore.museum.no
Sekken: Øystein Eik, 97591319, bygdetunet@sekken.net
Averøy: Merete Bratsberg Aae, 71511408, merete.b.aae
Fræna: Øyvind Fenne, 41244631, ofefvgs@online.no

B I L D E   kan ein finne under «Media» med link til nedlasting i høg oppløysing. (linken ligg i kommentarfeltet).

T U R N E R U T E :

Surnadal - TIRSDAG 23. NOV KL 19:00
Stad: Åsen, Surnadal bygdemuseum.
(Museet ligg ved riksveg 670 på garden Åsen, omlag 5 km frå Skei, i retning Kvenna. Museet er skilta fra riksveg 670).
Inngang kr 150/100
Arr: Surnadal Bygdemuseum v. Maja Frønes 91399452


Tingvoll – ONSDAG 24. NOV KL 20:00
Kamsvågen grendahus, Straumsneset.
Inngang kr 50,-
Arr: Stiftinga Åkerfallet og Kamsvågen Grendalag


Nesset – TORSDAG 25. NOV KL 19:00
Stad: Vorpenes gard
Inngang kr 150,-
Arr: Foreningen Vorpenes gard v. Olbjørn Kvernberg, mob. 91370899


Sekken – FREDAG 26. NOV KL 21:00
Stad: Gamle bedehuset
Dørene opnar kl 20:00
Inngang kr 100,-
Arr: Bygdetunet
Billettbestilling på telefon/sms: 97591319 eller epost: bygdetunet@sekken.net
Les meir på: http://bygdetunet.sekken.net/
NB - mat og skjenkeløyve!


Averøy - LØRDAG 27. NOV KL 19:00
Stad: Bjørsholbua, Bruhagen.
Arrangør: Averøy Kulturkafé v. Merete Bratsberg Aae mob 45 85 17 66
Inngang kr 175,-


Fræna – SØNDAG 28. NOV KL. 18:00
Stad: Fræna Folkebibliotek, Elnesvågen
Arrangør: Fræna Folkebibliotek og Romsdal Mållag
Inngang kr 150,-
Øyvind Fenne – mob 41244631

0 Comments

Sign in to post a comment

You must be logged in to post a comment.

Sign in or create an account

Basket

The basket is empty

Media Player

Fenstadvisa - Jeg syndefulde vil nedfaldeFenstadvisa - Jeg syndefulde vil nedfaldeJorun Marie Kvernberg
0:00

Member Login

Don't have an account?
Sign in with a network ID or create a new one:

Gigs

No events to display
Get a free website at www.get-ctrl.com © Jorun Marie Kvernberg Terms & Conditions powered by get-ctrl

Sending Data

Taking too long?

Close
Loading...