Dei to profilerte folkemusikarane reiser på turné i høve slepp av CD-en Tidens Løsen - danseslåttar etter Ole Blø, Midsund. Utgangspunktet for konserten, plata og prosjektet er tradisjonen etter felespelaren Ole P. Blø (1920-2010) frå Blø i Midsund kommune.
09. februar, Midsund
10. februar, Fræna
14. februar, Riksscenen Oslo
15. februar, Jostedal
16. februar, Bergen - Columbi egg, folkemusikkfest
17. februar, Nordfjordeid.
«Som folkemusikkstudent i Oslo i 2003 vart eg for første gong kjent
med Ole Blø sitt felespel gjennom ein kassett frå Folkemusikkarkivet for
Møre og Romsdal» fortel Jorun Marie Kvernberg. «Det eg høyrde der
skilde seg drastisk frå det eg frå før trudde var lyden av slåttar frå
Romsdal. Dei sindige og klangfulle bogestrøka som bestefar (spelemannen
Peter L. Rypdal frå Tresfjord) hadde stod i kontrast til dette muntre og
luftige spelet som Ole Blø trylla fram». Kvernberg tok kontakt med Ole
Blø og var dei neste sju åra fleire gonger på besøk hjå spelemannen. Ho
fekk lære tonar, trillar og strøk - og ikkje minst historiene rundt
musikken. «Ole var ein raus person som villig lærte vidare denne
tradisjonen til meg. Eg trur det vart som ei gjensidig gåve: Han gav meg
musikken og kunnskapen, eg lovde å føre det vidare!»
Jorun Marie Kvernberg er ein travel musikar som sjonglerar mellom
moderne, arrangert folkemusikk i band som Majorstuen, Tindra og Unni
Boksasp Ensemble og på den andre sida dei lokale og tradisjonelle
uttrykka gjennom sine solokonsertar. «Denne variasjonen er heilt
avgjerande for meg. Dei utfyller kvarandre og gir kvarandre næring.
Kreativiteten min får spelast ut i dei ulike banda mine kor rammene er
friare, medan eg i soloprosjekta får eit solid fagleg fundament, får
reindyrke eit tradisjonelt spel og ikkje minst kan legge vekt på musikk
frå heimedistriktet mitt».
Trekkspelmakkeren Øyvind Sandum (1982) er heller ingen nykomar. Han er fleire gonger norgesmeister, og i haust er han plateaktuell både med visefolk-gruppa Sol i Skuggeskog og med duoplate med broren Hans Sandum. Gudbrandsdølen har ikkje minst markert seg i ei årrekkje gjennom gamaldansbandet Nordafjells.
Sending Data
Taking too long?
0 Comments
You must be logged in to post a comment.
Sign in or create an account