jm banner2

Jorun Marie Kvernberg

Juleturné 2014 og ny duo!

Posted on Friday, 28 November 2014

News :: Juleturne-2014-og-ny-duo :: MINDRE 2014KK_MajorIstuen_NR2ColargolVersion kopi

Årets juleturné består av to konsertar med Gabriel Fliflet og fire konsertar med Majorstuen + solistar.


Eg har reist mykje med Gabriel Fliflets Valseriaband det siste halvanna året. No tek me med oss noko av dette repertoaret, og legg til mange nye og gamle favorittlåtar og tek premiere på duoen Kvernberg - Fliflet! Det skjer på Voss, Tre Brør - deretter Os utanfor Bergen. Me fortsett leiken i nord i mars 2015!

Majorstuen tek fram att sitt Juledrøm-repertoar (CD 2006) og startar i Verdal med Gro Kjelleberg Solli som solist og Verdal jrspelemannslag som gjestar. Til Ringve Musikkmuseum i Trondheim får me med oss både Gro K. Solli og Camilla Granlien. Så forlet Gro oss og Camilla blir med til LIllehammer og arrangmentet Kulturnatt der. Tradisjonen tru tek me oss av jula på LIlleRiksen også i år - det blir sesongavslutning med masse unge gjestar som både syng, spelar fele og dansar. 

Takk for i år - god jul!

2. desember - Voss: Gabriel og Jorun Marie
3. desember - Os: Gabriel og Jorun Marie
4. desember - Verdal: Majorstuen og Gro Kjelleberg Solli
5. desember - Trondheim: Majorstuen, Gro K. Solli og Camilla Granlien
6. dsember - Lillehammer: Majorstuen og Camilla Granlien
7. desember - Oslo: Majorstuen, Camilla Granlien og maaange gjesteartistar.

0 Comments

Sign in to post a comment

You must be logged in to post a comment.

Sign in or create an account

Basket

The basket is empty

Media Player

Fenstadvisa - Jeg syndefulde vil nedfaldeFenstadvisa - Jeg syndefulde vil nedfaldeJorun Marie Kvernberg
0:00

Member Login

Don't have an account?
Sign in with a network ID or create a new one:
Get a free website at www.get-ctrl.com © Jorun Marie Kvernberg Terms & Conditions powered by get-ctrl

Sending Data

Taking too long?

Close
Loading...